Skriveinnstillingene kunne ikke oppdateres. Last inn siden på nytt for å prøve igjen.
Trening i touchmetoden: "Lirekunstnarar" Oskar Braaten
Reglene for beregning av nøyaktighet er endret. Denne øvelsen begynner på nytt fra starten.
Lagringen av den fullførte økten kunne ikke bekreftes. Prøv å lagre igjen uten å skrive teksten på nytt.
Trening i touchmetoden: "Lirekunstnarar" Oskar Braaten
Ut på kvelden har Coppeletta snudd seg mot veggen. Han er trøytt og vil dorme litt, vil drøyme om Italia.
Då hoppar han med eit byks or senga, han gløymer at han er sjuk, spring bort mot vindauga og støyter det opp. Og lokkande liretoner stig opp frå garden. Coppeletta har kje tid til å stå lenge, han riv opp døra og flyg ned trappene. Bryr seg ikkje om at han er i hoselesten.
Og Esmeralda lyder. Ho høyrer lirekassa stansar, og ho høyrer to menn som pratar høgt. Og ho høyrer steg i trappene. - Coppeletta opnar døra på vid vegg og vinkar og fiktar.
Komma her, seier han, komma her, Kristian Fredrik!
Og Kristian Fredrik kjem. Blyg og roleg kjem han med auga i golve. Ser ikkje til den sida der ho Esmeralda er.
Coppeletta svinsar. Får faffikjelen på, er sint på Esmeralda for di ho er så sein til å finne brød og smør. Pratar i eininga, litt på norsk og litt på italiensk, reint i ørska.
Men dei to seier ingenting - berre kvar gong Coppeletta snur seg, flirer dei til kvarandre.
- Dei er ferdige med kaffien. Kristian Fredrik tar så smått til å lette på seg. Det er best å rusle, seier han.
Coppeletta vrir seg, han har så vondt for at få fram det han vil. Men det er inga råd med det. Det lyt ut: Kan du inte komma og bæra for mig i morgon igjen? spør han. Kristian Fredrik smiler: Jeg orker ikke mei en ei lirekasse, svarar han. Coppeletta leikar med klokkekjede: Trenger vi mer en ei? spør han.
Kristian Fredrik ser på han: Vi? Å mener du med det, Coppeletta? Coppeletta peikar på dotter si: Når Esmeralda slår tamburring, og Coppeletta speller, og Kristian Fredrik bærer, så har vi nok alle, seier han. Kristian Fredrik reiser seg: Jeg bærer og speller og slår på tamburring sjøl, om det trengs, seier han.
Men du kan inte spelle, trassar Coppeletta. Kristian Fredrik dinglar med dei pengane han har i lomma: Hør her? smiler han tergande.
Og Coppeletta høyrer. Men han gir seg ikkje: Du har inte tamburring, seier han.
Kristian Fredrik flirer: I morgon har jeg tamburring, Coppeletta. Og, ei vakker gjente har jeg til å slå'n. Datter hans Jocanella blir med. Og hu er hel italiener. Hu er ikke født i Drammen. -
Det brest for Coppeletta. Han og Jocanella har alltid trætta om gatune og dei beste gardane. - Og no skulle dotter hans vera med og hauste fruktene av det Coppeletta har arbeidt opp i alle åra! Det er for mykje for han. Det er som ein svart vegg skyt opp framfor auga hans og stengjer for alt.
Der står den unge guten og smiler med den nye lira på ryggen. Ja, han kan smile no. Han har magt til det. -
Coppeletta leitar etter noko som kan frelse. Prøver det eine etter det andre, men ingenting duger. Han har kje våpen til å slå seg gjennom den svarte veggen. Lyt finne seg i å snu. -
- Men Kristian Fredrik står og skranglar med sylvpengar.
Og denne musikken glir inn i hausen hans Coppeletta og hjelper han til slutt til å augne hol i veggen. Han har nok helst hug til å sleppe krype gjennom det hole, men annan veg finst ikkje.
Og Coppeletta dreg fram ein rusten nykkel og triv lampa på borde. Ta den! seier han til Esmeralda. Og han legg seg på kne og halar ei tung kasse fram frå senga. Den opnar han.
Kom! seier han. Kom, Kristian Fredrik! Og Kristian Fredrik bøygjer seg over kassa. Han ser ei skål full med pengar, minst 40-50 kroner. Men han lest kje bry seg. Å er det? spør han.
Coppeletta ser på han: Ser du inte mange penger, Kristian Fredrik? Mine penger!
Kristian Fredrik bles: Jocanella har fler, seier han.
Men Coppeletta smiler. Vente! seier han. Vente, Kristian Fredrik!
Og han lyfter skåla og grip under. Så held han ei klype pengesetlar i vere. Kristian Fredrik ser at det er mange, mange pengar, kan hende eit par hundre kroner, og han tar til å skjelve nedetter ryggen. Men han held seg stiv: Jeg så mange fler hos Focanella, seier han berre.
Då kjem det ein hissig blink i auga hans Coppeletta. Han set skåla frå seg på golve og rotar i kassa til han når botnen. Så finn han fram ei gamal skinnbok og dreg ein stor setel ut av henne. Og han lyfter setelen i vere og held han framfor auga hans Kristian Fredrik.
- Det er stilt i rome. Esmeralda held lampa, men ho skjelv på handa så glase klirrar. Kristian Fredrik gløymer å skrangle med sylvpengar. Han stirer med store auga. Og Coppeletta står berre og viftar smått med pengesetelen. Han seier ingenting, høgg berre fort med dei raudkanta augneloka, med' han ser på Kristian Fredrik.
- Kristian Fredrik hadde venta seg mykje. Han visste det låg pengar i denne kista. Han og Esmeralda hadde ofte gissa på kor mykje denne gamle fillekista gøymde. Han hadde gissa på hundre kroner, ho hadde lova på det var minst to. Og så var det så mykje. Femti-seksti kroner i sylv, to hundre kroner i setlar, og her vifta ein uhørveleg stor penge setel framfor nasa hans. Ein setel som det stod 500 kroner på med store tal.
Kristian Fredrik måtte setja seg. Han løyste reimane frå akslene - dei klemde slik for bringa. Og han sette lira tungt frå seg.
Coppeletta forstod at sigeren var nær. Det galdt å ikkje sleppe take. Han gjekk bort til Esmeralda og tok ho i handa og drog ho med seg. Og han stelte seg framfor Kristian Fredrik og synte fram rikdomen sin. Og det var kje småting han hadde. Esmeralda var dårande vén der ho stod no. Og setelen var stor.
Men det var visst ikkje nok likevel. Kristian Fredrik spratt ikkje opp og sa ja takk, han tenkte ei stund før han svara. Og då svare endeleg kom, var det kje stort å bli klok av: -
Jeg skal tenke på det til i morgon, sa han. Jeg må snakke med han Jocanella først.
Kristian Fredrik reiste seg og slengde på seg lira. Og han var kje til å overtala. Han gjekk.
Men Coppeletta stod fatig attende. Han slepte handa hennar Esmeralda, og la setelen på borde. Og han fall i tankar. - Men så tok han seg saman, han fann sjale hennar Esmeralda og skauv ho mot døra: Skynte dig! sa han, springe fort etter, vera snill med han, få han hit! - - -
- Det gjekk to bortetter gata. Fin gut med ei lire på ryggen og ei gjente med sjal. Det var kald kveld, men gjenta fraus ikkje. Sjale hang laust nedover akslene hennar, og ho såg heit ut i kinnene. Dei toka seg godt inn til kvarandre. Fniste og kviskra. Hadde det fælande morosamt.
- Burti ei onnor gate stansa dei. Og guten fekk lira av ryggen: Der! sa han. Bli nå ikke lenge! -
Og gjenta tok den tunge lira og drog inn ein port. Og ho gjekk opp ei trapp og banka på i andre tasjen. Og ho smilte til den gamle italienaren som opna. Skulle hilse fra far og si tusen takk for låne, sa ho.
Gamlingen såg på ho. Dette var litt for tidlegt. Esmeralda hadde bede om å få låne den nye lira hans ei fjortan dagars tid, medan far hennar hadde si borte og fekk stelt ho i stand. - Og no kom ho alt og sa takk for låne! Han såg grundande på henne. Men Esmeralda stirde han roleg i auga: Det tok mindre tid en han far trudde, sa ho. Han fikk si igjen i efta. -
Kristian Fredrik venta til ho kom att. Han var kipen og glad og ville ta ho om live. Men Esmeralda blei alvorleg: Nå resten! sa ho. Og ho rette ut handa. Kristian Fredrik forstod ikkje: Resten? sa han.
Esmeralda hadde kje tid til tøys. Ho greip i lomma hans og drog nokre papirtullar opp. Kom med alle! sa ho. Det er mange fler! Kristian Fredrik heldt på å bli sint: Skal du ha alle? sa han. Jeg har nå tjent noen sjøl, og! - Men Esmeralda høyrde ikkje på det. Ho reiv papirtullane opp og talde pengane. Og ho la dei i si eiga lumme.
Så! sa ho. Resten kan du ha, men dissa skal ned i skuffen hans far igjen. Vi skal ikke snyte han, heller.
Kristian Fredrik svara ikkje. Det gjekk mange tankar gjennom hausen hans. Tankar om kor småtenkt ei kvinne kunne vera. Han var nære på å snu seg.
Då såg Esmeralda inn i auga hans. Er du sint nå? spurde ho. Ikkje svar. Då greip ho i lomma si og rette sylvpengane mot han. Der! sa ho.
Ta pengene og gå med dig!
Kristian Fredrik heldt på å ta i mot. Men han greip ikkje til med same, for skam skuld.
Og det var klokt av han.
Esmeralda la pengane ned att og tok han i armen: Nå var du snill, Kristian! For hadde du tat dissa pengene nå, så hadde du aldri set hverken mig eller kista hans far mer, sa ho.
Og Kristian Fredrik blei glad. Gudskjelov for at han var god til å halde seg det sekunde!
Han såg på gjenta si: Du kan da veta jeg bare spøkte, sa han. Jeg vil da ikke snyte far din, Esmeralda!
Og han klemde henne hardt om live. Det fanst ikkje tanke på pengar i hausen hans. -
Men Coppeletta gjekk og verkte. Då Esmeralda kom heim seint på kvelden, såg han på henne i spaning:
Åssen gikk det? spurde han.
Esmeralda hengde av seg sjale: Det gikk bra, svara ho.
Coppeletta lest vera roleg: Kommer han i morgon? spurde han. Esmeralda tok til å klæ av seg. Ja, jeg trur det, svara ho. Jeg trur næsten han kommer i morgon.