Skriveinnstillingene kunne ikke oppdateres. Last inn siden på nytt for å prøve igjen.
Trening i touchmetoden: "Storbrylloppe" Olav Duun
Reglene for beregning av nøyaktighet er endret. Denne øvelsen begynner på nytt fra starten.
Lagringen av den fullførte økten kunne ikke bekreftes. Prøv å lagre igjen uten å skrive teksten på nytt.
Trening i touchmetoden: "Storbrylloppe" Olav Duun
Ola var på vegen dit både dagen etter og enda ein dag. Men så let han det vera. I staden måtte han til Håberg. Han ville sjå Åsel, sjå korles ho no var, og kva ho tok seg til.
Da han er midt for dyrlægen, tek han av og går inn gjennom hagen der, som ein hest tek ein gammal veg. Men dyrlægen og Arthur dreiv på og trilla ut frau til hagen, og det skulle ha vore gjort for lenge sea, buskane stod og venta. Ola vart ståande og glåme på dem med ein tom liten flir, som ein desforutan, - det var så lenge sea han gjorde noko.
Da gjekk han heller inn. Andrea var i kjøkene, og no kom ho inn med eit stort kvitforklæ på. Ho òg var i arbeide, dei låg i det som dei hadde betaling for det, kor han snudde seg.
Han fekk sette seg, ho viste bort til ein sess. - Ja takk, det var just det han hadde komme hit for. Han ville kvile på; skulle til Håberg. Har du vore der nyst? han såg opp i andlete på henne. - Nei, ho hadde ikkje det. - Og ikkje har Åsel vore her heller? - Nei? - Nei nei. Eg sitt berre slik og røler og drøler, når eg er i godlage mitt.
Andrea hadde komme tett borttil han, handa hennar låg på stolryggen hans; ho såg fortenkt ut. - Skal vi aldri prøve å spella i lag no meir? Du synge og eg spella? Ho vart så fint raudlett da ho sa det, og Ola kjente han svara med eit vondt grin. - Jau da, jau da, vent no urlite. Men sei meg: har du fått noko Nordlands-brev? - Brev? Jau, for resten, eg har da det, vil du vita det. - Kva seier han da? - Dei har stengt sild i haugevis, seier han, og selt henne med prisen var god, og dei på Segelsund har rive sund nøtene og mist si. Dei har gjort det godt, seier han. - Javel, det er så det. Det er så det, san. - Skulle eg ikkje få brev da? - Stå no ikkje og snakk tull åt meg. Men seier han ingen ting? Fortel han ikkje noko?
Andrea vakna og klårna til i auga, og Ola smiler: Slik kan du bli ståande og undrast ja, du som er med i live, med hjarte opp i halsen for eit halvdrege ord. - Kva skulle han fortelje da? - Fortelje? Pyh! hør etter meg! Ei forlova gjente skal ertast og argast, ein skal preinast med henne, som dei seier, - og ser du ikkje eg har blodsugar-munn? Og ho Åsel har ikkje vore her, seier du? Nei, du veit, ho kan vel ikkje fara her og rakle støtt heller. Det var eg som skulle dit eit erend, og lat meg ha meg i veg med det er dag og tid.
Andrea kom etter ut i gangdøra, og Ola sa farvel. I staden for å svara seier ho, - ho er brenntør i måle:
"Det er noe, Ola, det er noe du vet?"
Han rista på hovude:
"Æ villa berre sjå kor pass det beit på dæ."
Det fór som vind i lauv over andlete hennar, at ho både tvila og trudde. Så gav ho seg til freds med det, liksom barne. - Vent litt da! bad ho, - ho ville bli med til Håberg ho òg.
Ikkje lenge etter gjekk dei bortetter vegen.
Det var vestavind, og grått i vêre. Små regn-elingar kom snerande kring dem, kappsprang med vinden over moane og småbjørka, så innbitande haustkaldt og likesælt den eine stunda, og så hjartans grovt og godt straks etter. Imellom synte det seg blå himmel ute i nordvesten, og same strie åsyna der òg, ein måtte kremte seg opp og skyte akslene i vêre, slik friskt folk gjer det.
Slik var Åsel òg i dag. Ola sat elles ikkje lenge inne, han gjekk åt Kammerse til faren. Han kunne gå dit så trygt heretter, han vart ikkje spurt om verre ting enn han kunne stå for det.
Straks Andrea vart toeina med Åsel i stua, gjekk ho beint borttil henne og tok båe hendene hennar:
"Du skal svare mig på det, værmor, om der var noe mellem Peder og henne i Juvika?"
Åsel fargast av eit lite grand i kinna, men auga stod støe imot Andrea sine.
"E det nokon som sei det da?"
"Nei, men. Det kommer bare for mig - - det var bare noe som jeg - - - og jeg orket ikke ta ham da!"
"Du kann vara trygg, ban. Ingen ting nei. Æ va der sjøl her ein dan."
"Var du?"
"Berreste eit erend. Men du kann vara oradd. Så får dem lyg med dem vil."
"Gudskjelov!" sa Andrea.
Anders sette seg og reiste seg fleire vendingar i dag. Somtid såg det ut som han lya. No snur han seg dit Ola sitt: - Kva du meiner dei har for seg inni stua no? - Dei smått snakkar og smått lyg, ventelig. - Hm! Anders rettar på ryggen: Det bers meg så for ja. At Åsel òg skulle bli nøydd til å ta den vegen! Ja ja, ho kjennner det best sjøl, - han svelt ikkje som dyrt kjøper. Men det skulle ha vore fanken så konsti du, å prøvd å leva utan å lyge, he? Fanken så konsti: å sjå kor det gjekk! Ta til ifrå andre enden liksom. - Å, det står til liv med henne no, sa Ola, og så reiste han seg og gjekk, han ville sjå kor det vart av kvinnfolka.
Åsel hadde tatt med seg Andrea og gjekk og viste henne huset rundt.
Åsel hadde aldri visst ho hadde så mykje å syne fram, og aldri tykt det var slik mon i å gjera det. Kvar kista og kvart åklæe frå gammalt vart til dyr stas, det ruvde så det måtte vinne over kven det var; dette var frå dei åra, og det her frå den gongen. Og ho, som hadde gruva så for å syne det fram til Andrea. Slik kan ein gå og rekne gale; når ein skal rekne seg fram. Andrea sa ikkje stort, og Åsel spurte heller ikkje. Mangt var der, som Andrea hadde lite vett på, ho tilstod det med seg sjøl, og mange ting var så vakre og rare at dei skulle ha vore hennar no straks. Men framfor Åsel var det så umulig å seie nokon ting.
"Og no gjer vi storbryllopp!" sa Åsel, ho sette hendene i sida. - Like vel ja, la ho til. For eg har tenkt på det litt velare. Eg fekk som eit varsel her. Og så er det det, at Gjartru ho har ikkje meir vett enn at ho riv ned for heile slekta, ho veit ikkje vegen sin; ho må styrast.
Ola kom så han hørte det, og no tok han i med. - Du skal gjera litt ålvor tå det, den her gongen, sa han. Lat ikkje bysvingen vinne over oss. Håberg er for gammal til det.
Åsel såg på han, mest forfæld: Seier du det? - Gu gjer eg så ja. Eg vil sjå folk som trur på eitt eller anna. Eg vil sjå nokon som det er litt liv i! Håberg har sovna, synes eg, og korles går det i bygda da? Og du Åsel, du veit den rette vegen, du ser for oss alle saman, - jau, du gjer det, no i den her tida. Eg kunne mest takke deg! Han gjorde seg lågare i måle, det song så djupt og ifrå hjarte, ingen kunne kjenne att han: Eg har ikkje havt så stor trua på han Peder, eg skal stå til det. Eg trudde det var gjort med oss. Men eg ser det no, at der er drekt i han. At der er ei meining i allting. Inga sak å leva, når ein kjenner her vil skje eitkvart, - du får syne dem Håberg denne gongen, Åsel.
Han snakka lenge, med dei gjekk frå rom til rom. Åsel fekk ein ank for bringa, reint som ho måtte tvile just når han trudde sterkast. Men det måtte vera sant det han sa, og meir til, for korles skulle det elles bli? - No, når eg har tatt meg vegen min framgjenom det, sa ho, best ho gjekk. No, når eg endelig er viss ein gong! Så rettar ho seg opp og ser på Andrea: Dyrt, dyrt! smiler ho fram for seg. - Ja? seier Andrea og ser frå den eine tingen til den andre; dette her måtte vera dyrt.
"Det gjekk så rart te," sa Åsel, da dei stod og skulle gå ned troppa. "Æg vart ikkje var 'n Peder førn straks føri han fór. Det va slik gjøt ti 'om - det va så merkeli. Æg kjent att meg - kjent att 'n far, vil æg sei. Å ja ja san; det kjem sæg, berre vi sett oss ned og venta, som 'n far sa. Vi hi no det vi ska styr ette på Håberg."
Marjane, veslegjenta, hadde komme og gått med dem. Ho var grann av seg, og kvithærd; ho sa mest ikkje orde. Andrea tok handa hennar, men ho rykte henne kvasst åt seg, og ho såg no bitande kvitt opp:
"Han Peder vil ikkj ha dæ, han jaga dæ på skogjen når 'n kjem heim!"
Andrea lo høgt og lukkelig, og dei andre lo med; men dei kom ikkje i praten meir.
Åsel gjekk åt kammerse til faren, da frammandfolke hadde gått. - Eg er snart som småveikjane, eg kryp åt kammerse når det bli mørkt, sa ho. Men det var no der ho hørte til, kor som var.