Skriveinnstillingene kunne ikke oppdateres. Last inn siden på nytt for å prøve igjen.
Trening i touchmetoden: "Fred" Arne Garborg
Reglene for beregning av nøyaktighet er endret. Denne øvelsen begynner på nytt fra starten.
Lagringen av den fullførte økten kunne ikke bekreftes. Prøv å lagre igjen uten å skrive teksten på nytt.
Trening i touchmetoden: "Fred" Arne Garborg
- Ein annan forunderleg ting hende: Borna skulle få gange i skulen att.
Den galne Forklaringi var kje i Bruk lenger. Og det var kje rett å skilja seg ut. Det kunne løyne seg Fåfengd i det au, sa han Enok. Den nye Læraren var ein alvorleg og sætande mann, og Borna hadde kje godt av å gange her Heimfødingar.
Anna var så glad som ho skulle ha fengi gull.
Gunnar lika seg au. Men endå gladare vart han, då han fekk høyre at far hans var innvald i Skulekommisjonen. Så fekk han fleire Dagar frie.
- Skulen kom. Det viste seg at Tønes Tualand på sin stilslege Måte var ein glup Skulemeistar.
Han var svært ung og ikkje stor; dei lange Kniktane frå Storbrekke og Heialand kunne snart ha gjort oppom han, hadde dei vilja. Men det gjekk så stilt og vent at det var ei Syn. Og endå brùka Tønes korkje Linjal eller Ris; og ikkje noko vidare munn heller. Den han var mest etter var han Gunnar, som alltid vart så reint urimeleg vill, når han kom saman med andre Born.
Men Tønes innførde ymse nye Skikkar i skulen; serleg var det ein ting, ho Anna hadde imot han fyri.
Han bytte skulen sund i "Klassur"; kvar Klasse skulle fylgjast åt både i Leksur og alt, og det vart då mykje strengare med Skulegonga. Den som var borte ein dag vart kje lenger høyrt serskilt; han måtte fylgje Klassa like godt. Dei Borna som laut vera mykje heime fekk på den måten lite Gagn av skulen; men Vondord fekk dei, og "Anmerkningar" i Prottekolen og i desse "Karaterbøkerne" dei no skulle hava; og det kunne koma svært ille med når dei sidan skulle for presten. Anna tala med Skulemeistaren om dette; men han sa berre at det var "Lova". Det var komi ei ny Skulelov no, lét han; og den laut me til å gjenomføre her au; men etter den Lova var Borna pligtige til å gange i Skule. Foreldri kunne endå få Bot, om dei heldt Borna heime utan i Sjukdoms Tilfelle.
Dette tykte Anna var urimelegt. Skulle me kje rå for våre eigne Born heller no?
Om ho skulle vera nøydd til å sende deim av Garde kvar dag i altslag Vêr og Føre, og dei då skulle sitja i skulen heile dagen våte på Føtane og kalde om Knéi, så kunne ho kje vita ord av før dei var helselause. Helst ho Serina stakkar, som slett ikkje var sterk. "Lovlegt Forfall" var det kje før dei var sjuke; men då kunne det vera for seint då. Ho Anna tykte skulen vart reint som umskapt for henne etter dette.
Før hadde han vori ei Hjelp, no vart han ei Tvang; han kom med Lensmann og Lovmagt og gjorde oss umyndige i våre eigne Hus; om ho aldri så mykje kunne turve henne Serina heime ein dag, så skulle denne Husmannssonen frå Ramstadheiî kunne koma og segja "versogod"! og taka Borna frå henne! Ho kjende seg avsett, ærekrenkt; og ho lika kje skulen lenger. Berre sjeldan sat ho inne og høyrde på no; det kunne vera stundom når dei hadde Song; for han Tønes var så brennande god til å syngje.
Det var rart med den som hadde lært. Han hadde ein annan Sving i sjølve Mæle enn dei gamle hadde havt, og så kunne han syngje piriano. Då song han så smått då. Men når han sette i, så var der eit Mål i den vesle Skrotten så ein kunne høyre han lang Veg. Han song med Borna mest kvar dag, og lærde deim mykje nytt og rart; noko heitte Skala eller Triklang og var berre opp og ned, så ein kunne mest læ; men så lærde han deim og noko som hadde Namn av Nasjonalsongar, - slike som "Aftensolen smiler", "Bækken går i Engen" o. s. b.; Enok striddest med han om desse Songane, som han ikkje lika. Men Tønes sa at dei var songne i alle Skular no, og at upplyste folk ikkje såg noko vondt i deim.
- Anna skulle få høyre verre ting enn det om Skulepligti au.
Me skulle få fast Skule! høyrdest det ut til ein kveld. Dei ville tvinge oss til å sende Borna reint ifrå oss. Sende deim av til ein framand mann, som skulle hava deim for seg sjølv i eit serskilt Hus, der inkje anna folk skulle gange. Der kunne han prente inn i deim kva han ville då.
Og Enok, som elles var så imot alt nytt, han var med på dette! Vart folk forvandla når dei kom i Skulekommisjonen?
Tønes var så forhippa på denne Fastskulen at det var ulidande. Og han gjølte for han Enok så det vart mest leidt. "Ein så upplyst mann;" "den likaste, me hev i Skulekommisjonen" ... Enok varde seg nok; men det var vel kje fritt anna han lika det. Og alt det Vase som Tønes kom med til Grunnar; det var så urolegt for skulen i Stogur der folk budde; der var ofte ikkje god Luft heller ... ho Anna hadde så nær spurt korleis Lufti var hjå han Torkjell nedpå Ramstadheiî. Og Enok sat som ein Dott og sa Ha og Ja - -
"Men når det no ein Gong", tok ho Anna i, "er så stelt at me hev Umgangsskule, - så er det vel Ein som vil ha det så då, veit eg?"
Den unge Skulemeistaren berre vreid på seg.
- "Etter den nye Skulelovi", svara Enok, "skal det helst vera fast Skule allestadir no. Så han hev vel set at det turvtest ei Forandring."
Å, var det denne nye Lova her au. Kven kunne ha Rett til å gje slike Lovir?
"Men om det no var ein Skulemeistar som var så vond i seg, at han ville innføra galne Lærdomar eller finna på anna gali" ...
Skulemeistaren mylte.
"Me hev både presten og ein Tilsynsmann som skal sjå etter det. Elles kan Foreldri sjølve koma og høyra på Undervisningi når dei så synest."
"Å, - me skal då ha Rett til det? Eg trudde mest me skulle vera for simple til det au eg."
"Og så er der no Ein der oppe som vil sjå etter at Orde vert forkynt purt og reint iblant oss ... når me bed han om det. -
No skal me venda oss til honom og takka for alt godt i dag;" Enok gjekk åt Hylla og tok Salmebøkane.
"Og kanskje Læraren vår vil vera så gild å vera Forsangar for oss, sidan me hev deg her?"
Tønes raudna litt og svara Ja.