Skriveinnstillingene kunne ikke oppdateres. Last inn siden på nytt for å prøve igjen.
Trening i touchmetoden: "Kvitebjørnen" Rasmus Løland
Reglene for beregning av nøyaktighet er endret. Denne øvelsen begynner på nytt fra starten.
Lagringen av den fullførte økten kunne ikke bekreftes. Prøv å lagre igjen uten å skrive teksten på nytt.
Trening i touchmetoden: "Kvitebjørnen" Rasmus Løland
Det leid meir og meir fram mot våren, og sola skjein varmare for kvar dagen. Nedpå alle bøane og sletterne låg det nok enno tjukt med snø; men oppi fjelli og bakkane fór han til å minka. Først var det berre ei liti strima med berr mark tett under fjellveggjerne og under ufser og store steinar. Men det var ikkje lenge før dei auka og drog seg nedetter; og når sola skjein på det beste midt på dagen, losna klakefossarne oppi fjelli og rasa ned, så det dunde etter. Før ein rett visste orde av var alle bakkane og urdene tåna, så det låg att berre ei liti fonn her og der.
Då var dei ikkje seine, gutane, til å koma seg av stad opp åt urdene om dagane, så ofte dei hadde tid. Det var alt så varmt der-oppe, og stod så livande god ein vår-ange av jordi og av mose og fjorgamalt lauv, og det var som det anga av sjølve trei, endå dei ikkje hadde nokon bladknupp enno. På hatlen fór kromen til å gulna, selja stod der med små fine grøngule palmor i topparne; og i bjørkerne oppunder fjelli fór safti alt til å stiga opp. Når dei bora eit hol inn i borken og veden, dropa det ut som eit klårt vatn, det var så søtt og godt å smaka på. Dei kalla det bjørkja. Så tappa dei bjørkja kvar dag og samla ho i små flaskor. Og når det var rett varmt på steinane, våga dei seg alt til å gå berrføtte eit lite bil.
Men ein stad der-oppe hadde kje sola enno rådd med vinteren. Det var oppi fossen der storebekken rann utfor. Fossen stupte først frå høgdi og ned i ei stor skår midt i fjelle, og så derifrå og ned i urda nedanunder. Der hadde laga seg store digre isfossar i vinter. No var klaken i den nedste fossen nedrasa og borte for ei god tid sidan liksom i alle andre fossar. Men i den øvste stod enno ein svær stett med klake radt frå skåra og opp til trømen av øvste fjelle. Dei hadde berre venta frå dag til dag at han skulle fara, den òg, så det kunne verta eit dugelegt ras ut av. Men nei, han vart standande der som han slett ikkje ville tidna opp i år. Det tedde kje att på han, anten det var sol eller regn. Han stod der berre som ein overhendig stor kar i kvit prestekjole og blenkte mot det svarte fjelle.
Dei tykte sistpå dei laut opp og sjå koss det hadde seg med denne fossen. Så fann dei seg ein dag kvar sin lang stav til å slå og støyta i klaken med, og av stad bar det.
Hadde han sét røseleg ut, isfossen, då dei stod heime, så var det ingenting mot då dei kom opp til han. Fjelle var innholt attanfor, så han stod eit heilt stykke ut ifrå, og han var så fælskeleg stor og høg og tjukk. Men han var nok ikkje så sterk som han ruvde til, kor som var; for då dei skulle til å sjå, så fossa bekken ned inni han og hadde ete han reint hól. Det var berre som ei skurn att av han. Dei våga først slett ikkje å gå bort-åt 'n; han kunne vera trudd til å detta ned i kvar stunda. Dei berre kasta steinar bort på han og ville sjå om han ikkje skulle rulla. Nei, det gjorde ingen ting på han; det berre dunde etter.
"Å, han er nok ikkje så halt som han hinkar til endå, den karen," sa han Gunnar, og så våga han og Paal seg sistpå radt bort i skåra og støytte og slo på isfossen med stavarne. Men det gjorde kje heller noko av seg. Då torde dei to minste òg gå bortåt han, og så gjekk dei rundt og såg vel på han på alle kantar. På øvre sida var der ei stor opning, så ein kunne gå beint inni han; men der var slikt ròk og driv med vatn innanfor, så det var uråd og koma der.
Så måtte dei sistpå gå att og lata isfossen stå som han var. Men då dei rusla nedetter vegane, kom dei til å undrast på om det likevel ikkje skulle vera ei råd å få han til å rulla. Når dei no hadde øksar med og hogg ei stor skora inn i han på nedre sida, og sette ei dugeleg handspak inn i ein klove på øvre sida og braut på. Og så fælande løgje det skulle vera å sjå han rumla utfor og slå seg i tusund fillor!
Dei kunne ikkje få dette or tankane utetter heile kvelden eller om morgonen etterpå. Det kunne vera farleg, det visste dei nok, og dei vaksne ville nok aldri sleppa dei av på slikt. Men dei var då ikkje nautnare enn at dei kunne sjå seg fyre og røma undan når det galdt. Dei hadde våga det som verre var, dei. - Det var ikkje lenge før dei fann seg to øksar og ein lang påk og lurde seg av stad.
Han stod der like svær i dag òg, iskallen, og denne gongen fekk dei endefara han endå betre. Bekken var berre liten enno så tidleg på dagen, før snøen tok til å bråna. Det sikla berre ein liten sprut med vatn ned inni klaken. Så kunne dei gå radt inn i det hole rome. Det var som å koma inn i eit underlegt høgt tårn med sylvblanke veggjer. På den sida som snudde mot sola gløste det i isen, og det dropa og sikla og tikla alle stader. Det var som ein skulle høyra det tikka frå ei mengd med klokkor som ein ikkje såg. Så underlegt eit hus hadde dei ikkje vore i sidan i jola, då dei var i kvitebjørnen.
Men så var det korleis dei skulle få løysa han. Dei såg vèl etter på nedre sida og fann snart ein stad som dei trudde det skulle gjera mest av seg når dei hogg; og på øvre sida var det lett å finna ei rivja til å setja våga inn i. Så tok Paal og Gunnar til å hogga i klaken, så det fauk etter.
Dei hadde kje halde på lenge før dei kjende seg utrygge og gjekk opp på øvre sida. Der stod dei to minste og venta, og så gav dei seg alle til å brjota med våga. Når dei no såg han losna, skulle dei spretta undan alt dei vann. Men isfossen stod like fast enno, og det same gjorde han sidan kvar gong dei var oppe og braut. Det gjorde kje så mykje som skalv eller knast i han. Då gløymde dei sistpå reint å vera varsame. Dei vart arge på denne tverkroken som aldri kunne gje seg, og dreiv på og hogg så dei sveitta; og rett som det var slo dei med øksehamrarne oppover isveggen. Då kom det med eitt ein underleg dun, liksom det brotna noko, dei kunne kje rett høyra kvar det var. Dei stokk så dei bleikna og spratt opp på øvre sida. Isfossen såg ut som han stod like stød enno, men det var likevel som dei kjende på seg at det tok til å lida med han no. Dei hengde seg i våga att og braut alle på ein gong. "Haali, haali... opp!" - dei song som når dei vaksne drog spiror. Enno stod han, men med dei stod og glande på dette kom det ein ny smell, endå hardare enn den første. Då vart dei så rædde at dei sprang langt undan og visste lenge ikkje om dei torde våga meir. Men det var då altfor leidt å gå ifrå han no, då dei hadde kome så langt. Dei stillte seg bortåt att og til å dra i våga. Då gjekk det sistpå som ein støyt gjennom heile det svære ryte, det knaka og knast og ramla ned isstykke inni han. Hu.. . røm! dei flaug på hender og føter bortetter berge, og vèl var det at dei var så snare; for då dei såg attende, seig heile isfossen i koll til denne sida og gjekk i skrukk i berge, og så var det eit himmels rás med isstykke ut over horge fossen ned-under; det dunde verre hell eit torebrak. Dei stod berre og blåheldt seg i buskane og heldt anden og kjende mest ikkje der dei stod. Slik syn hadde dei aldri sét før. Det var så dei skalv lenge etterpå.
Då det endeleg var stillna av att, såg dei det stod folk uti tune heime og glande hit opp, dei hadde vel høyrt brake. Dei skyna kva slag skjennepreikor det ville verta, var så dei vaksne no såg dei her; men som vèl var låg dei godt løynde i buskane, og dei vart liggjande stilt som kattar til dei såg dei der-nede gjekk inn att. Så fann dei øksarne og kom seg nedetter skårane og ville sjå koss det såg ut ned-under fossen.
Der såg fælt ut. Det var slege greiner av tréi rundt på alle kantar, og der låg isstykke som digre steinar langt nedetter urdene; men det meste av klakefossen hadde slege seg sund i knas, så det såg ut mest som blaut snø.
Det var som dei ikkje før no, då otten og spaningi var over, skyna rett kva slag ov-verk og vågespel dei hadde gjort. Dei stirde oppover fjelle og skyna mest ikkje at dei hadde våga det. Men no var det gjort, og det var plent som dei hadde hjelpt våren til å vinna over vinteren i eit stort knipetak. No vart det nok snart til vatn heile slapse og var borte om eit par dagar. Og fossen draus no ned i lause lufti att som han alltid gjorde om sumrarne.
Dei vart sitjande på isstykki eit langt bil og drøste og skrøytte og kjende seg mykje til karar. Så rusla dei ut-under fjelldrage og leita etter sniglehus og fine steinar og kva som kunne høva. Kolbein og Andres gjekk for seg sjølv burtunder ei liti ufs. Så tok dei til å ropa på dei to andre. Paal og Gunnar vart mest skræmde og trudde det kunne vera ein orm dei såg. Dei visste han var tidleg ute om våren oppi solbakkarne. Men då dei kom fram var det eit heilt anna vårbod dei fekk sjå. Tenk der stod ein utsprotten kvitveis atti mosen tett innunder berge... skinande kvit som ei liti stjerna, og tirlande gul inni. Og rundt ikring stod det nokre knuppar som snart ville springa ut. Dette var første vårblomen og det første visse vårteiknet. Dei låg på kne og stirde og torde mest ikkje koma nær han. Denne blomen måtte ingen riva opp; han skulle få bløma i fred her i livdekråa si til dei andre kvitveisarne kom etter.
Det var som vår i all lufti då dei såg seg ikring etterpå. Sola stod nettopp på det høgste om dagen, og det giddra som av vår over snøen nedpå bøane og over husa, over alle skogar og markjer utanfor og over fjorden og fjelli på andre sida. Og dei kjende seg så underleg glade og lette, det var som det lyfte i dei der dei stod og såg utover. Vinteren kunne vera vel nok, men så god som våren, når han kom med knupp og gras og lauv og blom... nei, nei, ingen ting var som våren, så gildt og så ljost og livande. Han var den beste av alle årsens tider.