Skriveinnstillingene kunne ikke oppdateres. Last inn siden på nytt for å prøve igjen.
Trening i touchmetoden: "På sjølvstyr" Rasmus Løland
Reglene for beregning av nøyaktighet er endret. Denne øvelsen begynner på nytt fra starten.
Lagringen av den fullførte økten kunne ikke bekreftes. Prøv å lagre igjen uten å skrive teksten på nytt.
Trening i touchmetoden: "På sjølvstyr" Rasmus Løland
Han tok så smått til å sumla att; men korleis det var, så kunne han om eit bil ikkje lata vera å sjå nedover att og tenkja på dette. - Hunden var vel heime i dag, ja; men kven visste, kanskje han ikkje var heime og. Mannen kunne vera av og fiska liksom i går og ha han med seg. Dei var ikkje å sjå nedved elva her nokon stad; men dei kunne vera lenger nede - nedom Fagerheim einkvarstaden, og gjekk han ned på bakken ovanfor huset, så kunne han kanskje få greia på dette. Det kunne no vel aldri vera noko svert speleg; han kunne halda seg sikkert i skjol bak runnane. Såg han så hunden heime, så kunne han snu beint oppatt; men var han av ... Det sku' vera fælt løgje å vita dette. Han vart meir og meir forviten, og han hadde i det heile ikkje då langt nær slik støkk for hunden, sidan det var gjenge så svert godt i går. Enden vart, at han smatt nedetter buskane, og den som ei stund etter stakk nosa si fram for ein orbusk ovanfor Fagerheim, det var han Kristian.
Det var som han først hadde tenkt: dei var heime alle i dag. Han fekk straks auga på mannen sjølv og hunden langt nedi hagen; hunden låg samankrulla attpå ein sandveg som om han sov. Der var desutan nokre mannfolk og kvinfolk, som han ikkje hadde set før. Dei dreiv att og fram dernede. Det såg mest ut til å vera framandfolk, som nyleg var komne elder snart skulle reisa; for ein stor port på nedre sida av hagen stod open, og der stod hestar og kjerror utanfor. Robert kunne han derimot ikkje sjå. Han var vel inne. Her var såleis ikkje noko å gjera meir. Han kunne gjerne gå att med det same for det; men han vart likevel ståande. Hunden snudde hovude nedover og såg ikkje opp ein einaste gong, og sjølv stod han godt i skjol, så det kunne ikkje vera det slag speleg å stå her litt, og det var alltid moro å kika ned på alle dei framande. Han sette seg ned ved busken og gjorde eit hol i lauvet. No kom der gåande framfor husnova endå eit par framande, to drustelege kvinfolk med hattar og fjøror; og sjå - der kom somen han Robert og. Så han var ute lell, du. Han gjekk og snakka med eit av dei framande kvinfolka, såg det ut til. Men det var no ikkje å tenkja på å få fat i han i dag likevel, om han var ute aldri så mykje. Ja ja, det fekk no vera det same au. Det galdt no ikkje så mykje, anten han fekk snakka med han elder ikkje i dag.
Han vart sitjande roleg ved busken; - men furlegt nok, i dag, då det ikkje var så mykje om å gjera, kom det til å laga seg etter ynskje, før han visste orde av.
Robert kom snart or syne att dernede, og ei stund etter høyrde Kristian eit gutemæle langt burti andre kanten av hagen. Det var visst Robert, og då han skulle til å sjå, kom guten springande opp frå den andre sida av huset - radt oppåt den øvste porten. Der stansa han og tusla ikring mellom buskane; det var som han leitte etter eitkvart. Og han var radt åleine her ovanfor huset. Dernede var helder ikkje så mange å sjå no. Dei var gjengne attfor huset, mannen og fleire, og hunden låg stødt og sov. Då kunne Kristian ikkje halda seg: han smatt fram for busken og gjorde minor og plystra litt. Meir skulle der ikkje til. Robert såg opp og fekk auga på han, og han kjende han nok att med det same; for han lo og vitta med honda, som om han ville ha han ned til seg. Nei, det våga Kristian ikkje. Han skunda seg bort for busken att, kika etter hunden, og stakk sidan berre hovude fram av og til og gjorde minor. Dette stirde Robert forviten på ei stund; - så sprang han bort åt porten og prøvde å få opp. Der var ikkje attlæst i dag, og om nokre augneblink var han komen opp til Kristian.
"Er det du? Vil du ikkje vera med nedåt hagen?" spurde han.
M. . nei; det torde han ikkje nettopp i dag; her var slike folk og hunden. . ein annen gong helder, kviskra Kristian. "Men vil kje du helder vera med her oppåt elva?"
Oppåt elva? Nei der måtte han ikkje gå, sa Robert alvorleg.
Måtte han ikkje det helder? Slikt kunne Kristian aldri skyna. Det var no ikkje noko vondt gjort det, vel. Speleg var det helder ikkje, når dei var to, og dei turvte ikkje vera lenge.
"Men er det langt?"
Å slett ikkje. Dei kunne berre gå straks bortpå elvebrote her. Ho var så umåteleg stor i dag elva; han skulle berre sjå! Dei skulle finna store greiner og kasta uti fossarne -. Det tok til å lydast svert lokkande dette. Robert såg seg ikring. Nei, der var ingen nedi hagen, som såg etter han elder ropa. Han smaug bortfor busken, der Kristian stod, han og; der kom dei betre i snakk om elva og alt det, og enden vart, at Robert ville våga seg med bortpå næraste elvebakken. Det skulle vera så snart gjort. Kristian lova dessutan, at han skulle følgja han nedatt hertil, så snart han berre ville, og så bar det iveg. Buskane løynde dei betre etterkvart, og før nokon hund fekk tid til å gjøy, var dei komne frampå elvebakken burtanfor skogen, langt utanfor synsvidd.
No vart Kristian motnare av seg. Dernede hadde han mest berre kviskra; no prata han og lo og hoppa av hjartans lyst, og for å syna riktig kva kar han var, klauv han ut i ei stor, gamal bjørk, som stod atti elvebakken og lutte radt utover vatnet, og tok til å brota greiner og kasta ned. Og så føykte han seg opp og ned uti greinerne, så heile bjørka dissa. "Hu-huy, kom her du og, så skal me vogga os!" Nei, det våga no Robert slett ikkje. Han var reint redd av å sjå på slikt og ropa og bad, at Kristian måtte koma att; han kunne detta ned. Kristian laut vera snill og lyda, og oppi bakken fann han snart på noko likso gildt. I eit moldbrot var der store, runde steinar, som han fekk lause og velte ned i elva, så det slupsa og skvatt etter. Dei lo beggje to av full hals for kvar gong, og Robert kunne ikkje lenge berre sjå på dette. Han laut vera med, han og, og då dei var to, fekk dei los på så mykje større steinar. Det var mykje til moro. Dei streva og grov i moldgruset, så dei vart skitne som smågriser, og Robert kom kje meir ihug, at han skulle vera så snar.
Sistpå fekk dei ikkje lause fleire steinar her; men sjå der oppe var eit anna moldbrot -. Avstad bar det; men på vegen uppdaga dei noko, så dei gløymde radt det dei gjekk etter. Der var jordbær atti elvebakken; store raude jordbær - kom her du! Dei låg på kne og olbogar og plukka og snakka mest dei vann. Om eit bil var det ikkje fleire å finna her nettopp; men lenger oppe var visst meir, meinte Kristian; - og her straks oppe var nokre løglege hyljar og holmar og. Skulle dei ikkje opp og sjå dei med det same?
Endå lenger opp -? Robert hugsa nok no, at han ikkje var på riktig lovlege vegar og skulle gå så snart heimatt. Han vart litt uviss og tankefull, men følgde sistpå med, likevel; han hadde fenge slik smak på leiken, at han ikkje kunne stå imot. Kristian sa dessutan, at dei ikkje skulle gå meir enn eit lite stykkje, og dei hadde kje vore noko lenge som var noko endå. Og det tykte han mest sjølv og. - Dei rusla oppover, og snart skimta dei løkane oppå moen blanke i solskinet ... Dei tenkte ikkje lenger på bær. Kristian fann på, at dei skulle utpå holmane og sigla med båtar, og det gjekk den andre straks med på. Oppi bakkane skar dei borkar av ei orr til båtar, og utpå ein fin grasholme med buskar på ville dei halda til. - Men der kom dei i ei knipa. Dei laut over nokre løkjer og små tuveholmar, før dei kom utpå den store holmen, der dei ville halda til, og det var lett gjort for Kristian med uppbretta brok å koma over straumane; men Robert, korleis skulle han klara det? Han hadde fine skor og sokkar og våga ikkje å trø uti og væta seg; og å dra av seg og vassa i det djupe vatnet liksom Kristian var og altfor vågsamt. Og å hoppa over straumane var uråd.
Hm ... Der vart ikkje onnor råd, enn at Kristian laut prøva og lyfta han over, og det tok han gjerne på med. Han var så glad for han hadde funne denne guten, som ville vera med han og leika og aldri sa eit vondt ord til han, at han kunne gjera kva det var for honom; - då dei for eit bil sidan fann seg borkar til båtar, hadde han endåtil teke og gjeve han den vesle tolekniven sin.
Utover på dei første to småholmane gjekk det nokso godt, endå det var kalleg tungt for Kristian å bera. No var det berre ein straum att, men då dei var komne uti den, gjekk det sneplegt til. Kristian stupa framyver med byrda si, så han kom på alle fire i vatnet og vart rennande våt på armar og lår og radt oppå bryste. Det var berre med nauda at Robert, som hekk på ryggen hans, fekk berga seg turrskodd opp på tuva att. Men Kristian greet no ikkje for det, om han vart våt, han. Han berre hauka og lo og riste seg, og for å syna kammeraten sin riktig godt, kor lite han brydde seg om det, sprang han ut i pyttarne, hoppa ende opp og vætte seg endå meir. Og etterpå hoppa han frå holme til holme og leet den våte broka daska kring lår og leggjer, så det berre skvatt. Huy, her var gut som ikkje var redd, her! Den vesle byguten lo, så han vart våt i auga, og klappa med hendene, og det som verre var: han tok til å sjå svert huga på vasshyljarne, han og.