Skriveinnstillingene kunne ikke oppdateres. Last inn siden på nytt for å prøve igjen.
Trening i touchmetoden: "Det store nashorne" Rasmus Løland
Reglene for beregning av nøyaktighet er endret. Denne øvelsen begynner på nytt fra starten.
Lagringen av den fullførte økten kunne ikke bekreftes. Prøv å lagre igjen uten å skrive teksten på nytt.
Trening i touchmetoden: "Det store nashorne" Rasmus Løland
Dei var komne opp i ein myrkvelve ovanfor slåttene, heilt opp under Storaasen. Der var moltor kring alle tuvorne, og dei laup om kapp der dei såg dei største. Men der var alltid nok åt dei alle.
Då dei ikkje fann fleire gjekk dei opp i ein liten haug nedom myra, opp åt ei gammal turrfura som stod der.
"Ho skal heita Mekjedl," sa han Gunnar. Jau for ho var så lik ein fant som heitte så. Ho var krokutt i ryggen og hadde langt skjegg som han, og oppi toppen hadde ho som ein stor sydvest av turre kvister.
Dei sette seg attmed roti på han Mekjedl og såg seg i kring. Der var ein høg svart fjellvegg beint ovanom myra, og låg digre steinar nedunder. Midt i fjelle var det eit trongt djuv som ei rivna, og ned etter det sikla ein liten bekk.
"Kvar kjem han frå, tru?" undrast han Kolbein. Det visste ingen av dei; men det måtte vera frå tjørner elder vatn oppå Storaasen.
"Der hev kanskje aldri vore folk enno og set dei," sa han Gunnar, og så vart dei samde om at dei laut gjera ei stor ferd dit opp sidan ein gong og uppdaga dette ville lande.
Dei høyrde noko skvatra opp i fjelle og fekk auga på ein svartgrå fugl som flagsa att og fram. Han var for liten til å vera kråka og for stor til trast.
"Å men kanskje det er gauken?" sa han Paal.
Det måtte det just vera, trudde dei andre og; for han var nettopp såleis den gongen dei såg han nedpå Pera-træ. Han hadde slutta å gala heime no, og då visste dei at han alltid søkte til fjels.
"Det er minst fyre for han," sa han Gunnar. "Han kan fara og gjera som han sjølv vil, for han hev ikkje reide og ungane å streva med som andre fuglar. Han berre drunsar og verp opp i reidi åt småfuglane; så lyt dei slita seg både kvitte og arme og føda opp ungane hans. Sjølv går han berre og spikkar storkar som ein annan lensmann og gjer inkje." Dette hadde bestemori fortalt, så han visste det var sant.
Dei tykte det var ei stor unåpa i grunnen, den gauken, endå han gol så livande vent om vårane.
"Men han kjem nok ikkje så snikkalaus frå dette endå," sa han Paal. "For når han kjem opp til fjels kan han ikkje gala lenger. Han grev med det eit bil, men stend snart fast. Det må vera som ei straff på han; for når han ikkje kan gala lenger, så er han ikkje det slag greskare han hell andre fuglar."
Kolbein og Andres sette i å gala og kukla og ville høyra om han enno hadde mål til å svara; men dei to største hyssa straks på dei. Dei hadde alltid høyrt, at gauken blødde i nebben når dei hermde etter han, og det var synd for han når han alt hadde fenge sitt å lida.
- Men då dei såg til andre kanten var det ei heilt onnor utsyn. Det var haug på haug og myr på myr langt, langt nedetter, og djupt nedunder låg fjorden på nordre sida, lang og smal mest som fjorden heime. På hi sida ris digre blåfjell att. Gardarne låg som små grøne flekkjer i skogane; der var kvite fossar og blanke vatn oppover, og svære snøfenner allra øvst. Det var mest som det kjøvde på anden å sjå så mykje. Men kva som var på hi sida av dei fjelli var verre å vita. Det bar kanskje bort mot Amerika og andre land.
Men dei måtte sjå å koma lenger. Dei åt resten av nista si, og Paal og Gunnar skar to krossar inn i furuleggen til eit minne. Då fekk dei auga på eit stort hol inn i leggen på den andre sida. "Det må vera øyra hans Mekjedl," meinte han Gunnar, og så fann dei på at dei skulle kviskra nokre ord kvar inn i det til avskil. Det var ikkje nettopp visst om han høyrde det; men det var alltid løgje å freista, kor som var. Han Gunnar skulle kviskra sist. Men han var ei uvyrda, han sputta beint inn i øyra og ropa "Mekjedl fant". Så sette dei på flôge ned på myra. Men då dei såg attende var det skilleg som han Mekjedl stod og grein og var terren. Det var kje anna å venta helder.
"Du skulle fenge sovore i øyra sjølv, så tenkjer eg du hadde hengt på lip åt det," sa han Kolbein.
- Dei hadde set nokre store brune gjeitskorblomar trast opp i urda og ville svinta opp og ta med seg nokre før dei gjekk lenger; dei var så vene å ha. - Steinane var store som hus då dei kom opp åt dei; der var store glyfse imellom og svarte hol innunder, så det var mest fælslegt.
"Det må ha vore eit fint ras då dei datt ned or fjelle alle desse," sa han Paal; "for dei hev vel ein gong kome derfrå for mange hundrad år sidan."
"Ja men det kan likso godt vera risarne som hev kome med dei og lagt dei her," trudde han Gunnar; for dei hadde vore svære til å draska på store steinar i gamle dagar, hadde han høyrt. "Dei kasta dei ofta etter kyrkjetorni, men sette dei stundom berre etter seg kring fjelli, helst oppå høge nibbor."
Dei rødde om dette eit bil og kom til å furdast på kven som var sterkast av han Sterke-Samson og risarne. Han Gunnar trudde helst at han Samson var basen. "For det er som inkje for han å slita opp kjeften på løva på budaveggen," sa han. "Og kven veit, kanskje han hev slege i hel alle trolli og; for me ser dei aldri gå og strita med store steinar no lenger."
"Det var nettopp høvelegt åt dei og, når dei ikkje kunne lata vera kyrkjetorni," sa han Kolbein.
"Elder kanskje det ikkje ein gong hev livt sovoren trollskap nokon gong," slo han Paal frampå. "Han far hev sagt at det er berre snø og is som hev bore steinane opp på topparne," sa han, og dette ville dei til slutt helst tru alle fire no, då dei gjekk her så langt frå folk oppover desse svarte holi. Dei skunda seg og tok dei største blomane dei fann, og tok på sprange ned etter haugarne.